"Årets unge bonde" er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonald's Norge og Felleskjøpet Agri for å auka rekrutteringa til norsk landbruk og auka merksemda rundt norsk kvalitetsmat. Vinnaren får 20.000 kroner til å dra på sin draumeferie,samt avløysar i inntil ei veke - sponsa av Norske Landbrukstenester.
Om konkurransen Årets unge bonde 2015
Fristen for å melde på/nominere kandidatar til Årets unge bonde 2015 var 5. oktober. 15 oktober vart 20 semifinalistar lansera. I Ta sin artikkel av 7. november beskriv direktør Jan Kollsgård i Felleskjøpet Agri semifinalistane slik: "Semifinalistene viser bredden som finnes innen norsk matproduksjon, men de har også en fellesnevner. Alle er dyktige bønder som har et brennende engasjement for bransjen og et blikk rettet mot framtiden."
Leiar av Norges Bygdeungdomslag, Gunn Jorunn Sørum uttalar i same artikkel; "De nominerte har en kjærlighet for å produsere kvalitetsmat som gjør meg stolt. Med disse kandidatene har norsk landbruk en lysende framtid."
Eivind Skoe Karlsen semifinalist!
Blant desse dyktige semifinalistane var Eivind Skoe Karlsen (35) frå Bø! Då Eivind var 15 år byrja han med korn- og grasproduksjon, og tok over garden som 20-åring.Han driv i dag 600 dekar med frø- og kornproduksjon. Saman med ein kollega driv han òg eit firma med slaktegrisproduksjon, samt med graving, masseforflytting, betongtransport og vegvedlikehald.
Stemmerunden vart avslutta 8. november,og det var opp til folket til å bestemme kva for fem kandidatar som skulle bli med vidare til finalen. Eivind vart dessverre ikkje med vidare denne gongen. Uansett må det vera gjevt å kome blant dei 20 beste av dei til saman 350 bøndene som vart nominera til prisen! Me gratulerar Eivind som semifinalist!
Vinnaren vert til slutt kåra under Agroteknikk i Lillestrøm 28. november av ein fagjury. Folket sine stemmer utgjer 50 prosent, men juryen har den avgjerande stemma.
For meir informasjon om konkurransen "Årets unge bonde" sjå Norges Bygdeungdomslag. Sjå òg Grønn Utdanning si Facebookside