Saker i følgje vedtekter, og orientering om drifta på Lie-Hvalen.
Vi planlegg også å få med ein representant for flyktningetenesta, for å samtale om bruk av IPT saman med dei.
For å ha stemmerett på møtet, må kontingent til nettverket vere betalt inn før møtet (kr. 500,- pr. bruk). Betalar du nå i november og desember, får du medlemskap for resten av 2009 og for heile 2010.
Innbetaling skjer til konto nr. 2630 07 00526. Merk innbetalinga med "namn" og "IPT-kontingent 2009/10".
Saker ein ønskjer å ta opp, må meldast til IPT Telemark v/Telemark Bondelag før 25. november. Helst pr. e-post til telemark@bondelaget.no
Endeleg sakliste vert sendt ut omlag 1 veke før møtet.
Påmelding til årsmøtet må skje seinast 3. desember,
pr e-post til telemark@bondelaget.no eller pr. sms til 97 54 18 42.
Denne invitasjonen går til alle som er registrerte i nettverket i 2009, men møtet er ope for alle interesserte.
Gvarv, 9. november 2009
Vetle Øverland, leiar i arbeidsutvalet
og
Amund Johnsrud, sekretær