Det er viktig når ein luker at heile planta, med rot og sideskudd blir tekne opp og putta i ein sekk. Plantematerialet må brennast! Dersom det er så mykje floghavre at ein ikkje klarer å luke, må ein vurdere kjemisk bekjemping. Dette må planleggast for neste vekstsesong. Det kan òg være aktuelt å leggje om til ein annan produksjon, fleirårig grasmark vil være effektivt.
Vær merksam på spreiefara ved leigetresking. Skurtreskaren må reingjerast grundig før den brukast vidare i ein ny åker.
Lista over floghavrefunn i vår region er lang. Dersom ein har luka og ikkje finn fleire planter ved neste vekstsesong, kan ein kontakte landbrukskontoret for offentleg kontroll og slik komme seg ut av lista. Dette er ein forutsetnad ved produksjon av såfrø og ein stor fordel ved bortleige av jord og leigetresking.
Floghavren på bilete er 160 cm høg!!