Regionalt Miljø Program - tilskotsbrev forsinka for ein del søkarar

IMG_4945 - Klikk for stort bildeIMG_4945 H. Midtbø Tilskot til redusert jordarbeiding, ugrasharving, prioriterte kulturlandskap, skjøtsel av biologiske verdiar m.m. vart utbetalt per 05.03.14. For dei som har levert søknad elektronisk via Altinn, ligg tilskotsbrevet i innboksen der.

Dei som søkte på papir skulle ha fått tilskotsbrevet i posten. Dette blir styrt sentralt frå Statens Landbruksforvaltning. Nå viser det seg dessverre at trykkeriet som skulle lage og sende ut desse breva har gjordt ein feil, som gjer at mange framleis dessverre ikkje har fått tilskotsbrevet. Trykkeriet har lova å rette opp i feilen så raskt som råd.

Me beklager at tilskotsbreva ikkje har komme til rett tid!