spacerMeny spacer
spacer

Nytt frå Telemark Bondelag

  • November er vervemåned og i går arrangerte Telemark Bondelag vervedag på fylkeskontoret. Fylkesstyret stilte opp og ringte rundt til potensielle medlemmer. Målet var å bikke 1700 medlemmer.
  • I løpet av to dager har 45 personer fra 14 lokallag, samt gjester engasjert seg i mange temaer på ledermøte i Telemark Bondelag.
  • Telemarkinger og vestfoldinger kalles inn til årets faglige og sosiale høydepunkt, Landbrukshelga 26.-27. januar. Det er en arena for HELE landbruksfamilien med festmiddag, underholdning, relevante foredrag og kurs.

Nytt frå Fylkesmannen

  • <p>Mulighetsstudien <em>Urban dyrking på nedlagt industritopt - en mulighetsstudie om utvikling av grønn bydel på Klosterøya øst </em>er nå gjennomført og blir et viktig dokument i det videre arbeidet med transformasjonen av øya. Studien handler om hvordan urbant landbruk kan bidra til å utvikle et helhetlig konsept for bydelen, med vekt på bærekraft, inspirasjon, livskvalitet og trivsel.</p>
  • <p>...det er ingen skam å snu i en sak, retter fokuset mot ansvaret for å gjøre langsiktige vedtak.</p>
  • <p>ØKOUKA Telemark ble i 2018 gjennomført med 45 arrangementer i løpet av uke 39. Arrangementene var en god blanding av kurs for barn og voksne med ulike temaer, foredrag, hagevandringer, åpen økologisk gård, vinsmaking, matkurs og åpne gårdsbutikker og -landhandler samt markeder.</p>

Nytt frå Landbruksdirektoratet

  • Årets siste auksjon ble avholdt 13. desember og to kvoter ble auksjonert bort. Eplesaft og eplekonsentrat fra EU og eplekonsentrat fra EFTA for import i 2019.
  • 1800 tonn norske poteter forsvinn frå lagra dei siste vekene før jul. Også salet av kålrot, kål, rosenkål, gulrot og lauk går opp.
  • Flere «nær bonden»-møter kan øke norsk kornproduksjon. Et nylig avsluttet prosjekt med vekt på å formidle fagkunnskap har gitt både ny giv i bransjen og økt avling.

Nytt frå landbruks- og Matdepartementet

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   
Fotograf: Halvor Midtbø
Ny næring 3 fotograf Halvor Midtbø
Fotograf: Halvor Midtbø
Ny næring 1 fotograf Halvor Midtbø
Fotograf: Halvor Midtbø
Ny næring 2 fotograf Halvor Midtbø
Fotograf: Halvor Midtbø
Ny næring 4 fotograf Halvor Midtbø

Vellykka låvekveld onsdag 31.08

Onsdag 31.08 hadde me invitert dei som var med på prosjetket "Den Raude Låve" som gjekk for to år sidan og dei som var med på "Ny næring under gamle tak" i vinter. Me inviterte til besøk på Lerkekåsa Vingård hjå Wenche Hvattum og Joar Settem i Sauherad. Me fekk omvisning og høre om kva dei hadde gjordt med låven for å legge til rette for produksjon av vin, galleri og vinplantingane med ulike druesortar. Som ein del av opplegget tok me og ein runde for å høre korleis det stod til med dei ulike prosjekta som var representert. Totalt var me 11 som hadde ein fin kveld på Lerkekåsa Vingård.

Me hadde og invitert med oss tidlegare prosjektleiar Lars Lyngdal og prosessveileder Hans Huseby, i tillegg til styringsgruppa for "Ny næring under gamle tak". Totalt vart me da 11 personar som kom til Lerkekåsa Vingård.

Først fekk me ei omvisning ute på garden og fekk sjå vinplantingane. Dei hadde fleire ulike sortar druer frå ulike klimasoner. Det var enno ei stund til dei var modne, men på den andre sida toler dei lite og ikkje frost, så dei måtte følgje nøye med og måle syre og tørrstoff for å halde oversikt over kor langt druene hadde komme i modninga.

Me fekk og ei kort innføring i stell og skjæring av vinstokkane. Drueplantene blir normalt kjøpt ferdig poda på grunnstammar og var planta på mypexduk. PLantene var støtta opp med stolpar og ein kraftig tråd. Plantene er avhengig av støtte og dei må og formast med skjæring. Druene kjem på 2. års ved, og ein måtte være nøye med å fjerne sideskot som ein ikkje ønskte. Hovudskota var og halde tilbake for å ikkje sleppe plantene for høgt.

Vinteren kunne og være ei utfordring, og me kunne sjå på rekkene at det var skildnad på korleis dei ulike sortane hadde klart å etablere seg. Dei hadde forsøkt seg med å hyppe snø over plantene om vinteren med tanke på isolering.

Dei hadde vin som stod i produksjon, men der er restriksjonar i høve til salg. Dei hadde hatt ambulerande sjenkebevilgning, og da kunne dei selge til andre som har sjenkebevilgning, som lokale hotell, resturantar og utestader, men dei skulle gjerne hatt høve til å selge direkte til sluttbrukar. Dei meinte at det var der det var størst sjangs for å sitte att med gevinst. Eit alternativ kunne være å selge druesaft til privatpersonar som kunne leige plass til å produsere sin eigen vin på staden.

I første etasje i låven har dei laga til forsamlingslokale og kjøkken med tanke på servering, i tillegg til nytt ingangsparti og toalett. Forsamlingslokalet var med kvitkalka veggar og koseleg innreid som det kunne passe til ein vingard, sjå bilete. Me fekk servert nydeleg kantarellsuppe med brød. Etterpå fekk me eplekake og kaffe.

Etter serveringa tok me ein liten presentasjonsrunde på dei som var komne sidan ikkje alle kjente kvarandre. Dei ulike prosjekta sa litt om kor langt dei hadde komme i sitt arbeid og utveksla erfaringar. Fleire syntes at møtet med byrokratiet kunne være ei utfordring med tanke på at låvane skulle få nye bruksområde. Plan og bygningslova var eit av elementa. Det kom og fram tankar i høve finansiering. Det kostar pengar å restaurere, særleg når ein har bygg som er verneverdige. Det var litt frustrasjon over føringar frå riksantikvaren i høve kva ein kunne gjere og ikkje. Liltt av frustrasjonen låg i føringar og pålegg utan att det var midlar som stod i stil til dei kostnadane det medførte. Det var og tankar om ein kunne få til betre samordning av midlar frå den kommunale SMIL ordninga opp mot midlar frå Norsk Kulturarv og Norsk Kulturminnefond.

Til slutt fekk fekk me omvisning i resten av låvebygget med kjøkken, tilhørande servierom, inngangsparti og galleri i 2. etasje. Wenche og Joar syntes planane deira om galleri hadede blitt godt tatt i mot i det øvrige miljøet. No opplevde dei turistar som kom og overnatta i området slik at dei kunne få fleire dagar på galleri i Midt-Telemark. Galleriet var stort sett og kledd invendig slik at dei fekk vindtette veggar. I taket var det lagt duk innvendig og det var gjordt ein jobb for å få god belysning til utstillingane. Det som stod på lista nå var å gjere ein jobb med låvedøra.

Det vart eit inspirerande besøk for dei to låveprosjekta og fleire gav uttrykk for at dei ynskte å treffes seinare. Me takkar for eit hyggeleg besøk på Lerkekåsa Vingård :-)

Publisert av Halvor Midtbø. Sist endret 20.12.2011
   

Midt-Telemark Landbrukskontor

Kontaktinformasjon

Landbrukets hus
Brennavegen 30
3810 Gvarv
Telefon
: 35 95 77 70

Faks
: 35 95 77 79
Org.nr.
: 987 678 097
Kommunenr.
: 0822
Åpningstid
: 08.00 - 15.00

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Dagens bilete

Fotograf: nn
Eplebomstring
nn
Levert av ACOS AS
Avdelingsleiar Tora S. Aarnes      Rådgjevar jordbruk Dag Gjermund Roheim
Login for redigering Login for redigering