spacerMeny spacer
spacer

Nytt frå Telemark Bondelag

  • Fra 15. oktober 2018 ble det åpnet opp for at personer som eier og/eller leier en landbrukseiendom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermidler. Kurs med eksamen arrangeres over to kvelder på Søve vgs 12. og 26. februar.
  • Påmeldingen til årets plantevernkurs er nå åpnet. Det tilbys to kurs, et for de som skal fornye sin autorisasjon og et for de som skal ta kurset for første gang. Begge kursene holdes på Nome vgs, avd. Søve.
  • Bli med til Oslo 8. januar for å protestere mot regjeringens stans av lisensfelling innenfor ulvesona! Vi setter opp to busser fra Telemark, og alle interesserte kan bli med.

Nytt frå Fylkesmannen

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.

Nytt frå Landbruksdirektoratet

  • En del norske lagringsgrønnsaker blir utsolgt tidligere i år etter tørkesommeren som ga til dels små avlinger. Det har vært nok poteter på lager, men en relativt høy andel blir nå sortert ut ved pakking.
  • Denne uka har enda to nye tilskuddsordninger i jordbruket blitt digitale. Nå går det raskere å søke om SMIL-midler og tilskudd til drenering av jordbruksjord, og søkerne får raskere svar.
  • Styrene for Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri har nylig gitt klarsignal til ti nye innovasjonsprosjekt.

Nytt frå landbruks- og Matdepartementet

Klarte ikke hente xml dokumentet! Sjekk at url til feed er korrekt.
   

Vellykka fagmøte om ugras

Fotograf: Halvor A.Midtbø
Fra møte om ugras 09.03.10 2 fotograf Halvor A.Midtbø

Tirsdag  09.03 arrangerte Norsk Landbruksrådgivning Østafjells, i samarbeid med øko.korn prosjektet, fagmøte om ugras. Lars Olav Brandsæter fra Bioforsk presenterte resultat fra seinare års forskning på ugras. Det var godt oppmøte og ved siste opptelljing var det 22 møtedeltakarar.

Publisert av Halvor A. Midtbø. Sist endret 16.03.2010
Tistelskjerer
Tistelskjerer

Deler inn ugrasa i klasser etter levetid

Lars Olav starta med å gå gjennom dei ulike klassene som me deler ugrasa inn i med sommer-ettårige, vinter-ettårige, to-årige ugras, fleirårig stadbundne ugras og fleirårig vandrande ugras. Så fortsette han med å vise ein oversikt over dei ulike ugrasa sin tolleranse for jordarbeiding.

Biologi

Dei ulike ugrasklassene har ulike biologi. Lars Olav tok ein gjennomgang av dei viktigaste trekka hjå dei enkelte klassene. Han gjekk grundig inn på kveke, åkerdylle og åkertiste som på mange måtar er dei tre viktigaste rotugrasa.

Kompensasjonspunkt

Alle ugras har eit "kompensasjonspunkt", dvs eit punkt der skotskyting (gjenn)vekst blir minst mogleg på grunn av lite opplagsnæring. For åkertistel blir dette punktet rekna for å være når 25 % av plantene ute på åkeren har byrja å blomstre, da er bestandet som heilheit på sitt svakaste.

Gamle og nye metoder for bekjemping av rotugras

Lars Olav gjekk gjennom forsøk som synte bruk av ulike vekstskifte som virkemiddel for å halde rotugraset i sjakk. Så tok han for seg pløying og synte forsøk som samanlikna pløying ved 15 og 25 cm djubde. Forsøka samanlikna og pløying haust og vår og i kombinasjon med jordarbeiding med grov skålharv (Väderstad Carrier). Forsøka synte her at å pløye 25 cm om våren var det som var mest effektivt. Konkurransekrafta til kulturplantene er viktig med tanke på å halde ugraset i sjakk. Forsøk syner at eng er viktig med tanke på å halde rotugraset i sjakk.

Snitting og kutting er og førsøkt med tilsynelatande positivt resultat. Ved Sveriges Landbruksuniversitet har dei eit forskningsprosjekt med kutting av rotugras i korn med bruk av ein nyutvikla reidskap som består av ein ikkje alt for skarp kniv som kutter stive stenglar medan dei mjuke kornplantene sviktar unna (sjå bilete "Tistelskjerer"). Denne kuttinga må gjerast på eit tidleg tidspunkt. Rapport fra forsøk med tistelskjerer. Rapporten er fra forprosjektet som har pågått i 2008 og 2009.

Plogfri økologisk dyrking?

Til sist synte Lars Olav bilete fra ein studietur som han hadde vert på i Tyskland. Der hadde dei blant anna besøkt ein tysk bonde som dreiv plogfri økologisk kornproduksjon. Filosofien var å lage best mogleg konkurransefortrinn for kulturplantene. Som underkultur vart det sådd ei blanding av 6-7 ulike artar. Idèen med å blande såpass mange artar i blanding var at summen av underkulturen heile tida skulle bli tettast mogleg og at dess meir allsidig blandinga var dess større sjanse var det at det heile tida var artar som klarte seg bra sjølv om veksevilkåra kunne endre seg gjennom sesongen og fra år til år.

Bøker om plantevern og plantehelse 

Lars Olav har vert med på å skrive fleire bøker i ein serie om plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 1 er "Bakgrunn, biologi og tiltak" er ei grunnleggande bok. Bind 1  kan du laste ned som PDF her . Boka "Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk, bind 3 - Korn, oljevekster og kjernebelgvekster" kan du laste ned som PDF her . Lars Olav hadde med seg eksemplar av bøkene for salg på møtet, og det var fleire som nytta høve til å sikre seg eit eksemplar.

Du kan bestille bøkene av Lars Olav Brandsæter: lars.olav.brandsaeter@bioforsk.no

Nedanfor kan du laste opp foredraget til Lars Olav Brandsæter.

   

Midt-Telemark Landbrukskontor

Kontaktinformasjon

Landbrukets hus
Brennavegen 30
3810 Gvarv
Telefon
: 35 95 77 70

Faks
: 35 95 77 79
Org.nr.
: 987 678 097
Kommunenr.
: 0822
Åpningstid
: 08.00 - 15.00

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Dagens bilete

"Jeg påtraff et gjenglemt kjæledyr på Skåråfjell en søndag i februar. Snø og kulde må ha kommmet brått på." | Fotograf: Jon Jarle Haugen
Turbilde
Jon Jarle Haugen
Levert av ACOS AS
Avdelingsleiar Tora S. Aarnes      Rådgjevar jordbruk Dag Gjermund Roheim
Login for redigering Login for redigering