Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum fekk eit godt inntrykk av den innovative og framtidsretta satsinga på frukt i Telemark under besøket sitt på Telefrukt mandag i denne veka.
Statsråden fekk høyre om prosjektet «Frukt i fokus» og hadde deretter ein gjennomgang på fellespakkeriet.
Han gav utrykk for at måla i prosjektet er i tråd med styresmaktene sitt ønske om å auke norsk matvareproduksjon og at ei raudgrøn regjering, vil vere ein forutsetnad for å oppretthalde dagens budsjettmessige og tollbaserte støtteordningar for norsk landbruk.