Open Gard/aktivitetsdag på Evju Bygdetun sundag 28. august

Open Gard logo - Klikk for stort bilde I august arrangerar Telemark Bondelag v/lokallaga Open Gard på seks ulike stadar i Telemark. Sundag 28. august er det Open Gard/ aktivitetsdag på Evju Bygdetun, Gvarv. 

Noregs Bondelag vil gjennom Open Gard gje folk gode opplevelsar og spreie kunnskap om norsk landbruk. Kvart år arrangerar lokale bondelag Open Gard på gardar over heile landet. Dei fleste Open Gard-arrangementa blir i 2016 heldt 21. og 28. august. På Open Gard er det ulike slag dyr og aktivitetar for små og store.

For meir informasjon om Open Gard arrangementa sjå heimesida til Norges Bondelag.