Vinteren 2011 har Midt-Telemark Landbrukskontor kjørt eit låveprosjekt - "Ny næring under gamle tak" i samarbeid med Fylkesmannen i Telemark, dei øvrige landbrukskontora i Telemark og Telemark Bondelag. Prosjektet har blitt støtta av Telemark Fylkeskommune og det nasjonale låveprosjektet. Prosjektet har hendvendt seg mot gardbrukere/gardbrukarpar/låveeigarar som har hatt ynskje om å starte med ny verksemd eller utvide eksisterande, innanfor ramma av den gamle låvebygningen.
Målsettinga var å skape ny næring i ledige låvebygningar og sikre låven sin eksistens og plass i kulturlandskapet. Kurset har hatt fokus på utfordringar som ein vil møte i prosessen med å skape ny aktivitet i gamle bygningar. Halvor A.Midtbø har vert prosjektleiar.