spacerMeny spacer
spacer

Nytt frå Telemark Bondelag

  • Fylkeskontorene i Telemark Bondelag og Vestfold Bondelag er strålende fornøyd med sommerkampanjen #komhit. Hvem ble «best i show»? Se bilder av alle rammene og kåring av vinnere.
  • I disse dager høstes grunnlaget for fremtidig brødbakst. Noe tidligere enn normalt er innhøstinga av kornet i gang. Men, mange vil vente. Ettergroing gjør at kornåkrene inneholder både modne og umodne korn.
  • Det bugner av natur- og matopplevelser i Telemark. I år har bonden rammet inn kulturlandskapet og du kan glede deg over det på din reise samt vinne gårdsferie for fire. Kom hit!

Nytt frå Fylkesmannen

  • <p>Visste du at Vestfold og Telemark er eit av dei største eplefylka i Noreg?</p>
  • <p>Bernt, Edvard og Anstein Freberg er tre brødrar som i 2012 starta med aspargesproduksjon. Dei dyrkar aspargesen på lett og varm jord på Hvasser, lengst ut mot kysten av Oslofjorden. Hvasser asparges får prisen i år for å vise veg for dei beste råvarene som me bør eta når det er sesong i Noreg.  </p>
  • <p>Ein villreinbukk skoten under jakt på Hardangervidda er stadfesta smitta av CWD (skrantesjuke).</p>

Nytt frå Landbruksdirektoratet

  • Tirsdag 29. september er den første internasjonale dagen mot matsvinn. FNs bærekraftmål har fastsatt et mål om halvering av matsvinn innen 2030.
  • Til sammen 12 aktører har fått innvilget 6 mill. kroner i nasjonale tilretteleggingsmidler til prosjekter med oppstart i 2020. Pengene går til nasjonale tilretteleggingstiltak innen næringsutvikling og kompetanseheving.
  • Staten og Norges Bondelag ble i oktober 2019 enige om å gjennomføre en oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut 40 millioner liter kumelk. Resultatet er at litt over 35 millioner liter er kjøpt ut.

Nytt frå landbruks- og Matdepartementet

  • I dag markerer Norge og verden den internasjonale dagen om matsvinn.
  • Dette var skamkjekt sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad då ho denne veka opna Risøyhamn Tømmerkai i Nordland. I talen sin understreka ho skogen sin positive verknad på klima, og sa at dei utanlandske treslaga som var planta under skogreisinga også var viktige i så måte.
  • Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftlig spørsmål fra stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) om dyrevelferdsproblemer i kyllingproduksjon
   

Fruktbygda SA tildelt Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2015!!

Utdeling - Klikk for stort bilde Marte Midttun Lie Fruktbygda SA fekk 28. oktober tildelt Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2015 av landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Prisen vart overrekt på Lerkekåsa vingård og galleri. Fruktbygda SA vart plukka ut som vinnar blant 16 andre sterke kandidatar. 

Me gratulerar med den gjeve prisen!

Norsk Kulturarv, Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet deler ut kvart år nasjonal kulturlandskapspris til enkeltpersonar, organisasjonar eller kommunar som har gjort ein særskilt innsats for å bevare og/eller vidareutvikle kulturlandskapet - for spesiell innsats for kulturlandskapet. Det er Norsk Kulturarv som har teke initiativ til denne prisen.  

Prisen er eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl og kr 50 000,- løyvd av Landbruks- og matdepartementet.

Føremål og kriterium 
Føremålet med kulturlandskapsprisen er å:

  • gjere ålmenta merksam på utfordringar i høve til kulturlandskapsverdiar
  • auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
  • gjere merksam på miljøverdiane i kulturlandskapet
  • stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode døme

Følgjande kriterium skal vurderast der flest mogleg, men ikkje absolutt alle må oppfyllast fullt ut:

  1. Det skal vere gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
  2. Det skal medverke til heilskap og mangfald i/for kulturlandskapet
  3. Det skal bevare og synliggjere kulturlandskapet
  4. Det skal vere knytt til berekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
  5. Det skal auke tilgjengelegheita for ålmenta til kulturlandskapet
  6. Det skal ha ein læringseffekt om kulturlandskapet
  7. Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
  8. Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet

Fruktbygda SA skåra høgt på alle desse kriteria.

Om Fruktbygda SA

Fruktbygda SA mottakere av Nasjonal Kulturlandskapspris 2015.  - Klikk for stort bilde Marte Midttun Lie Samvirkeforetaket vart danna 8. desember 2014, av 13 bedrifter, gjennom utviklingsprosjektet Fruktbygda. Desse bedriftene skal presentere fruktlandskapet i fruktbygda som "eit gjestfritt, sanseleg, duftande og smakrikt landskap" .

 

I dag består Fruktbygda SA av 15 bedrifter/næringsaktørar:

Evju bygdetun
Suigard Dyrud
Lerkekåsa Vingård og Galleri
Lindheim Ølkompani og Lindheim Frukt
Galleri Nyhuus og Nyhuus Gard
Fruktgarden Nyhus
Lystang Camping
M/S Telemarken
Norsjø Hotell
Aarnes kafeteria
Gvarv Frukt og Bær
Taxibussen
Norsk eplefest
Epleblomsten AS
Villa Lunde

Les meir om prisen hos Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet

For meir informasjon om Fruktbygda SA sjå heimesida http://fruktbygda.no/

Sjå òg oppslag i TA og NRK Telemark

   

Midt-Telemark Landbrukskontor

Kontaktinformasjon

Landbrukets hus
Brennavegen 30
3810 Gvarv
Telefon
: 35 95 77 70

Faks
: 35 95 77 79
Org.nr.
: 987 678 097
Kommunenr.
: 3817
Åpningstid
: 08.00 - 15.00

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips en venn SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Dagens bilete

Turkart &#45; Hjuksebø med Sveinsbufjell
Turkart - Hjuksebø med Sveinsbufjell
Levert av ACOS AS
Avdelingsleiar Tora S. Aarnes      Rådgjevar jordbruk Dag Gjermund Roheim
Login for redigering Login for redigering