Midt-Telemark landbrukskontor har utarbeida eit høyringssvar der endringsforslaga har blitt vurdera ut frå erfaringar i Midt-Telemark, og kva verknadar forslaga vil ha. Dette høyringssvaret har blitt handsama i dei ulike utvala og kommunestyra i Bø, Nome og Sauherad kommune.
Endringsforslaga inneber at:
-
Arealgrensene for konsesjon, buplikt og odel vert heva frå 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord til 35 dekar.
-
Det vert innført heimel for forskrift om beløpsgrense ved priskontroll
-
Priskontrollen vert oppheva på reine skogeigedommar.
-
For bebygde eigedommar som har både jord og skog, skal det bare vera priskontroll dersom eigedommen har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.
-
På særskilde vilkår vert det unntak frå å søke delingssamtykke og konsesjon, dersom erverv gjeld tilleggsjord eller –skog.
-
På særskilde vilkår vert det unntak frå å søke delingssamtykke og konsesjon dersom ervervet gjeld tomt til bustadhus, fritidsbustad eller naust.
-
Vilkår for driveplikt vert oppheva.
Høyringssvar/vedtak frå Bø kommune (PDF, 214 kB)
Høyringssvar/vedtak frå Nome kommune (PDF, 422 kB)
Høyringssvar/vedtak frå Sauherad kommune (PDF, 387 kB)