Endringane er eit resultat av Stortinget si behandling av Prop. 92 L (2016-2017) som vart fremma for Stortinget i vårsesjonen. Endringane er mellom anna;
-
arealgrensene vart heva frå 25 dekar fulldyrka jord til 35 dekar fulldyrka jord
-
oppheving av priskontroll ved overtaking av reine skogeigedommar
-
utviding av konsesjonsfridom for ubebygde enkelttomter
-
oppheving av kravet om at leigejord må vera tilleggsareal til annan landbrukseigedom
Ikraftsetjing - Lov om endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova mv. har ikraftsetjingsdato 1. september 2017. Endringa som går på oppheving av priskontroll for skogeigedom har ikraftsetjingsdato 1. juli 2017.
Les meir om desse lovendringane på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet eller Landbruksdirektoratet
Høringssvar
Midt-Telemark landbrukskontor har tidlegare utarbeida eit høyringssvar for dei tre midt-telemark kommunane Bø, Sauherad og Nome, når det gjeld desse lovendringane, sjå artikkel .