Føredrag om kulturlandskap måndag 24/11 kl. 19 på Landbrukets Hus

Artsrik slåtteeng på Grastjønnåsen i Tuddal - Klikk for stort bilde Ingvill Marit Buen Garnås Kulturlandskapssenteret v/Ingvill Marit Buen Garnås held føredrag om kulturlandskapet - "Dei gamle kulturmarkstypane - Levande kulturminne og landbrukets genbankar".

Hovudtema:
Historie og fakta om slåtteenger og lauvingstre.​
Forvalting og tilskottsordningar for ivaretaking.

Arrangementet er støtta av Miljødirektoratet og er gratis. 

Dei seinare åra er det sett stadig meir fokus på biomangfald knytt til kulturlandskap, og ivaretaking av eldre kulturmarkstypar. Men kva for kulturmarkstypar er det eigentleg ein snakkar om, kva for særskilte verdiar ber dei på og korleis kan noko av det sikrast for ettertida? Dette er tematikken for føredraget

Ingvill Marit Buen Garnås frå Kulturlandskapssenteret vil mellom anna presentere historie og fakta knytt til gamle dagars slåtteenger og lauvingstre. Det heile blir bunde i hop med foto, små historiar og folkesongar knytt til gamle dagars ressursbruk. 


Stad, dato og klokkeslett:
Landbrukets hus, Gvarv, måndag 24/11 kl. 19.00
Kafé Olea, Heddal, onsdag 26/11 kl. 19.00
Vest-Telemark museum, Eidsborg,  laurdag 29/11 kl. 11.00

Ingvill Marit Buen Garnås - Klikk for stort bilde Kari Løvaas Lauvingstre på Myljom-To i Hjartdal.  - Klikk for stort bilde Dag Krokaa