Tilskot til tiltak i beiteområder- søknadsfrist 1. april 2020

Sau heim frå beite - Klikk for stort bilde Midt-Telemark landbrukskontor har for 2020 fått tildelt ei ramme på totalt kr. 150.000 til tilskot i beiteområder. Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogeleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite, og fremme fellestiltak i beiteområda. 

Søknadsfrist 01.04.2020. Søknad sendast til Midt-Telemark landbrukskontor. Bruk elektronisk søknad, som du finn på Landbruksdirektoratet si heimeside

 Kven kan søke:

  • lag og foreinger (beitelag, grunneigarlag, radiobjellelag) som driv næringsmessig beitedrift.
  • enkeltforetak som søker produksjonstillegg, der det grunna naturgitte eller driftsmessige tilhøve ikkje ligg til rette for samarbeid.

Tilskot kan gis til:

  • Ulike typer faste og mobile investeringstiltak:
    Sperregjerde, ferister, bruer, gjetarhytter inntil 20 m2, sanke- og skilleanlegg, anlegg/rydding/utbetring av driftsvegar, saltsteinsautomater, elektronisk overvakingsurstyr, elektronisk gjerde (t.d. Nofence) m.m.
  • Planlegging- og tilretteleggingstiltak:
    - Planlegging og prosjektering av faste innstallasjoner
    - Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområder
    - Prosjektretta arbeid for stimulering til beitebruk
    - Utprøving av nytt utstyr
    - Vegetasjonskartlegging

Søknadsfrist 01.04.2020

Søknad sendast til Midt-Telemark landbrukskontor. Bruk elektronisk søknad, som du finn på Landbruksdirektoratet si heimeside

Har du spørsmål til ordninga ta kontakt med Midt-Telemark landbrukskontor på tlf 35957770 eller e-post landbruk@intk.no