Produksjons- og avløysartilskot - overgangsåret 2017 og aktuell søknadsomgang

Storfe - Klikk for stort bilde I 2017 skal du søkje om produksjons- og avløysartilskot både i gamalt og nytt søknadsskjema. Til saman skal du registrere opplysningar opptil tre gonger. Når det gjeld aktuell søknadsomgang må du innan 20. januar 2017 søkje om produksjons- og avløysartilskot i det vanlege søknadsskjemaet, på same måte som tidlegare.

Korleis søkje om produksjons- og avløysartilskot i 2017? 
I 2017 skal du søkje om produksjons- og avløysartilskot både i gamalt og nytt søknadsskjema. Til saman skal du registrere opplysningar opptil tre gonger:

  • Innan 20. januar 2017 søkjer du om produksjons- og avløysartilskot i det vanlige søknadsskjemaet, på same måte som tidlegare. Sentral utbetaling av tilskota skjer i juni 2017.
  • Fyrste registrering i det nye søknadsskjemaet gjer du i perioden mellom 1. mai (telledato) og 15. mai (søknadsfrist)
  • Andre registrering i det nye søknadsskjemaet gjer du i perioden mellom 1. oktober (telledato) og 15. oktober (søknadsfrist). Sentral utbetaling av tilskota du har søkt om i det nye søknadsskjemaet, skjer i februar 2018.

Aktuell søknadsomgang
Innan 20. januar 2017 søkjer du om produksjons- og avløysartilskot i det vanlege søknadsskjemaet, på same måte som tidlegare. Sentral utbetaling av tilskota skjer i juni 2017.

For meir informasjon om overgangsåret og aktuell søknadsomgang sjå Landbruksdirektoratet si heimeside