Publisert 19.10.2020
Frostskade eple

Til alle som har meldt frå om mogleg klimabetinga avlingssvikt og/eller svikt i honningproduksjonen - fristen for å søkje erstatning er 31. oktober. Fristen er absolutt, og Landbruksdirektoratet oppfordrar alle om å søkje elektronisk. Gå direkte til Altinn her og logg deg inn med BankID. 

Legg ved dokumentasjon av avling og oppgjer for dei siste teljande år( siste 3 år for honningproduksjon. Treng du hjelp, kontaktar du landbrukskontoret eller regnskapskontoret ditt i god tid før søknadsfristen går ut. HUSK! BankID(brikke eller mobil) For meir informasjon sjå Landbruksdirektoratet sine nettsider

Publisert 17.09.2020
PT-2020

Søknadsfristen for å søke om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket - del 2 er 15. oktober. Du kan søke fra og med 1. oktober, som er telledatoen.

Meir informasjon om tilskuddsordningen finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Publisert 15.09.2020
RMP 2020

Du kan søke regionalt miljøtilskudd fra i dag 15. september 2020. For informasjon om ordningen se Fylkemannen i Vestfold og Telemark sine nettsider. Søknadsfristen er 15. oktober

Publisert 09.06.2020
Brunskogsnegl

Brunskogsnegl har dei siste åra blitt eit stort problem i mange hagar. Sneglen gjer òg skade på jordbruksvekstar; jordbær, grønnsaker og gras.

For meir informasjon og om korleis bekjempe denne svartelistearten, sjå informasjonsbrosjyre utarbeida av Midt-Telemark landbrukskontor og Holla Hagelag.  (PDF, 2 MB)

Publisert 22.05.2020
Rapport Faun elg 2019

Rapporten "Elgen i Telemark etter jakta 2019" er utarbeida av Faun Naturforvaltning AS, og er en sammenstilling av jegeropplysninger fra "sett elg" kombinert med alder- og vektdata fra felt elg. 

Les rapporten "Elgen i Telemark etter jakta 2019" her.  (PDF, 2 MB)

Publisert 08.05.2020
Landbrukplast

Bønder i Midt-Telemark kan nå levere landbruksplast til Sunde Renovasjon & Gjenvinning(SRG) på Akkerhaugen(gml. Ryntveit Miljøstasjon). Plasten skal brukes til gjenvinning, så det er viktig at den er ren. Pris for levering av REN plast er kr. 150,- eks. mva, uansett størrelse på lasset. IRMAT har også mottak for landbruksplast for Midt-Telemark kommune på Goasholtmyra Miljøpark, Notodden, se IRMATs nettside

Nome kommune har innlevering gjennom IATA, og bøndene kan levere landbruksplast på Stormo avfallspark i Lunde, gratis.

Publisert 20.04.2020
Markdag 9 26.05.09

 Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har nå klart eit informasjonsskriv om RMP for 2020. Sjå gjerne på dette før du skal i gang med våronna. 

Les: RMP informasjon til våronna 2020 (PDF, 402 kB)

Sjå og: Faktaark RMP tilskudd - Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Publisert 20.04.2020
Hønsehirse.jpg

Hønsehirse er eit problemugras som er på veg inn i Midt-Telemark. Hønsehirse er eit eitårig ugras rekna som eit av verdas mest alvorlege ugras. Ei plante kan ha store mengder frø som kan overleve i jorda i opptil 10 år.

  • Det beste er å ikkje ha hønsehirse på garden
  • Forebygg spreiing av ugrasfrø ved nøye reinhald av maskiner. Dette er viktig både med eigne maskiner og ved leigekjøring.
  • Mindre forekomstar kan lukast eller brakkast
  • Ved større forekomstar er det nødvendig med kjemisk bekjemping
Sjå video fra Felleskjøpet om: Hønsehirse
 

                                                Forebygging

                                                Bekjemping

Første Forrige | Neste Siste