Husmannsplassen Langedal, Bø kom., Telemark, 1993 og 2004. | Fotograf: www.skogoglandskap.no
Tilbakeblikk, landskap i endring fotograf www.skogoglandskap.no
Fotograf: Halvor A. Midtbø
Årnes fotograf Halvor A. Midtbø
Fotograf: Halvor A. Midtbø
Gravhaug Valen fotograf Halvor A. Midtbø
Fotograf: Halvor A. Midtbø
Kulturminne Valen fotograf Halvor A. Midtbø

Miljøplan

Alle foretak som søker produksjonstillskudd må ha en miljøplan for å få fullt tilskudd.
Sjekklista er en viktig del av Miljøplanen (sammen med gjødslingsplan, sprøytejournal og kart over produksjonsarealene som foretaket produsentene disponerer), det er derfor viktig at produsenten skaffer seg lista og fyller denne ut. Sjekklista er en del av bondens egenrevisjon. Du kan finne sjekklista på linken under, eller få den på landbrukskontoret.

Vi oppfordrer deg også til å ta en sjekk på gjødslingsplanen. Er den gyldig for kommende sesong? Landbrukskontoret, Norsk landbruksrådgivning og noen private aktører kan hjelpe deg med å for orden på Miljøplanen din.

Miljøplan er eit verktøy for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytt til jordbruksdrift. Miljøplan erstattar det som tidlegare var "Miljø og resusrsplan" i KSL.

Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket. Miljøplan og Kvalitetssytem i landbruket (KSL) har stort sett felles kravsett på miljøområdet.

Miljøplan er ein del av internkontrollen på det enkelte føretak. Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og skal vere tilgjengeleg i 10 år etter planårets slutt.

Miljøplan trinn 1

Trinn 1 av miljøplan gjeld for alle som mottek produksjonstilskot, og er ein føresetnad for å motta fullt produksjonstilskot. Miljøplan trinn 1 er og eit vilkår for å få tilskot til miljøtiltak i jordbruket i form av RMP (Regionalt Miljø Program). 

Det er eit unntak for krav om Miljøplan, og det er produsentar som får produksjonstilskot og kun driver med honningproduksjon.

Ved avkryssing på søknadsskjema om produksjonstilskot blir det svart for om føretaket har miljøplan trinn 1 og om komplett miljøplan trinn 1 vil vere tilgjengelig innan 15. november.

Trinn 1 skal innehalde:

  • Kart over jordbruksareala som føretaket til eikvar tid disponerer. Forhold av miljømessig verdi (for eksempel kulturminne eller areal med risiko for tap av jord) skal vere kartfesta og dokumentert.
  • Gjødslingsplan og sprøytejournal for dei føretaka som er underlagt krav om dette.
  • Sjekkliste som dokumenterer at det er gjort ein gjennomgang av viktige miljømessige forhold knytte til føretaket si jordbruksdrift det siste året. 
    Sjekkliste med rettleiing blir fastsett av SLF.
  • Plan med frist for gjennomføring av nødvendige tiltak (tiltaksplan) dersom det er avdekt manglande ivaretaking av miljøomsyn ved utfylling av sjekkliste.
  • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak, som viser at nødvendige tiltak er gjennomført i samsvar med tiltaksplanen.

Skjema for Miljøplan

Skjema til bruk i Miljøplan finn du blant anna i bakerste del av KSL-hefte "Planteproduksjon og miljø".

Eller du kan laste ned eit og eit her:

Fristar for trinn 1:

  • Gjødselplan skal være utarbeid i forkant av vekstsesongen.
  • Kart skal være oppdatert til ei kvar tid.
  • Sjekkliste og eventuell tiltaksplan skal foreligge innan 15. november kvart år.
  • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak skal foreligge straks etter at dei aktuelle tiltaka er gjennomført.

Les og: Forskrift om Miljøplan

Sjå også:Kulturlandskap 

Miljøplan trinn 2

Trinn 2 bygger på trinn 1 og er knytt til miljøutfordringar og miljøinnsats utover minimumskrava i trinn 1. Trinn 2 av miljøplan er ikkje knytt til produksjonstilskot, men er eit vilkår ved søknad om SMIL tilskot i jordbruket. Trinn 2 gjeld særskilde miljøformål i jordbruket, og skal innehalde:

  • Målsetjing for verksemda sin miljøinnsats,
  • Planar for tiltak som skal fremme særskilde miljøformål,
  • Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak. Ta gjerne bilete før og etter.

     Føremålet med trinn 2 er å stimulere til auka interesse for miljøtiltak i eiga verksemd. Ved å arbeide med trinn 2 vil ein få betre oversikt over miljøutfordringane i føretaket og vil kunne prioritere aktuelle tiltak.

    Eksempel på aktuelle miljøtiltak i føretaket kan vere:

    Miljøplan trinn 2 er ein overordna plan. I praksis kan ein ta utgangspunkt i tiltaksdelen registreringsskjema i Miljøplan trinn 1 og legge til status og mål for miljøarbeidet på garden.

    Skjema for Miljøplan trinn 2. (DOC, 38 kB)

    Ved søknad om SMIL tilskot, eller tilsvarande, må det utarbeidast meir detaljerte planar for tiltaka. Kopi av Miljøplan trinn 2 skal leggast ved søknaden. Miljøplan trinn 2 kan og være eit godt utgangspunkt ved søknad til Norsk Kulturminnefond med tanke på verneverdige bygningar.

     For meir innformasjon om kulturlandskap; sjå gjerne: Kulturlandskapssenteret, Lyngheisenteret og Handlingsplan for slåttemark.

     Krav om trinn 2:

    • For å ha rett på SMIL tilskot må ein ha Miljøplan trinn 1 og trinn 2. Dette gjeld føretak som mottek produksjonstilskot. For søkjarar som ikkje har krav på produksjonstilskot, er det ikkje krav om trinn 2 for å motta SMIL-tilskot. Desse søkjarane må likevel ha ein plan med ei overordna målsetjing for tiltaket/tiltaka.
    • Trinn 2 skal berre oppdaterast dersom det skjer endringar i det den omhandlar.